I Hundvinvegen har det vore innbrot i to hytter den siste tida.

– Vi veit ikkje heilt når det har skjedd, men det er berre alkohol som er stole, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg.

Hyttene ligg heilt nede på Hundvin.

– Om nokon har kjennskap til dette og har sett noko, må de vere snille å gi beskjed, oppmodar lensmannen.

I helga var politiet i den eine hytta, og det var i helga at dei fekk beskjed om at det hadde vore innbrot i den andre hytta òg.