Det starta å brenne i eit bufellesskap i Røsvikhaugane i Knarvik rundt 03.30 natt til tysdag.

Full utrykking

– Mykje røyk og bebuarar som treng hjelp til å komme seg ut. Nødetatane på veg til staden, opplyste politiet etter at meldinga tikka inn.

Også brann og helse rykte straks ut til staden.

Den automatiske brannalarmen gjekk av, før det blei klart at det var snakk om brann i eller ved ein av dei øvste leilegheitene.

Fleire av leilegheitene skal ikkje vere bebueleg på grunn av vasskadar etter at sprinklaranlegget løyste seg ut.

Ingen vart skadd

– Alarmen gjekk i natt, folk kom ut på evakueringsplassen, det var ganske udramatisk, fortel Bente Helland til Strilen klokka 8.45.

Ho er einingsleiar for heimetenesta i Lindås og blei varsla om hendinga på morgonkvisten.

– No held vi på å orientere oss og har laga ein samlingsplass for dei evakuerte. Dei tar det med fatning og forstår at dei må vente litt enn så lenge. Nokon må vere ute frå sin leilegheit i nokre timar, for andre kan det gå dagar. Vi vil jobbe med med å finne midlertidige bustadar.

Sju personar blei evakuerte. Ingen skal ha komme til skade.

– Huset var sprinkla, alarmen fungerte, og no vil gå gjennom og sjå at ting fungerte, seier Helland, som er glad for at det trass alt gjekk bra.

Ved morgonkvisten tysdag var det ikkje lett å sjå at det hadde vore full utrykking her nokre timar tidlegare. Foto: Erlend Kristiansen

Skadeavgrensing

Då Strilen var på staden rundt 7.45, var det stille og roleg. Eit par dører stod på vidt gap og ein kunne sjå på bakken utanfor at det hadde vore ein del vatn som hadde runne ut.

Alle nødetatane hadde forlatt staden, men både skadeavgrensingsfirma og eigedomsavdelinga i kommunen hadde starta arbeidet med å få oversikt over skadeomfanget.

Det var også vaktskifte på morgonkvisten, der dei som skulle på dagvakt vart informert om ei nattevakt litt utanom det vanlege. Fleire stod ute og diskuterte hendinga.

Vatn hadde runne ut frå bygget etter nattens brann. Sprinklaranlegget løyste seg ut opplyser Bente Helland i heimetenesta i kommunen. Foto: Erlend Kristiansen

Kan vere påsett

Til BA opplyste operasjonssentralen i Bergen at det blei gjort funn på staden som kan tyde på at brannen var påsett. Politet starta straks å gjere avhøyr, og ifølge NRK er ein person mistenkt.

Lensmann Kjell-Idar Vangberg vil ikkje seie noko om brannen kan vere påsett, men seier dei har starta full etterforsking.

– Det er snakk om brann i ein bod. Det er masse folk som bur der og det er alvorleg når det brenn, derfor har vi iverksett etterforsking, opplyser han.

Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik. Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen