Ferja har no lagt seg til kai på Sævrøy. Frå klokka 12.30 går det skyssbåt frå Sævrøy.

Ferja mellom Fedje og fastlandet skal ha gått på grunn eller treft land like etter avgang frå Sævrøy. Ferjeselskapet Norled melde om hendinga klokka 10.30.

  • Tips eller foto? Ring oss på telefonnummer 971 51 020 eller send mail til desk@strilen.no. Du kan også ta kontakt med oss på Facebook.

– Kraftig dunk

Det var 15 passasjerar og eit mannskap på 7 om bord, og ifølge BT tok passasjerar på seg redningsvestar etter hendinga

– Det var eit kraftig dunk då ferja trefte fjellveggen. Eg såg at ferja klatra opp etter fjellsida, seier ein mann til avisa.

Radarbilde viser ruta som «Fedjefjord» har halde gjennom dagen. Ved grunnstøytinga skal ferja ha stoppa opp og tatt nokre vendingar mellom Høgholmen og Ytre Sveholmane/Midtre Sveholmen. Foto: Marine/Traffic.com

Kommunikasjonsdirektør i Norled, Marianne Frønsdal, seier til Strilen at dei no jobbar for å få kontroll på situasjonen

– Status er at vi fekk melding litt før klokka 10.30 at «Fedjefjord» hadde hatt ei grunnberøring då ferja var i rute frå Sævrøy til Fedje.

Det er ikkje meldt om personskadar og situasjonen er under kontroll, opplyser Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

– Dette kan opplevast som dramatisk og det beklagar vi. Vårt hovudfokus er å handtere situasjonen og bringe passasjerar trygt i land.

– Akkurat no er fartøyet 150 meter frå Sævrøy kai, og går for eigen maskin. Taubåt vil bistå det siste stykket inn til land, sa kommunikasjonsdirektøren klokka 11.25.

«Fedjefjord» til kai etter hendinga. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Tekniske problem

Årsaka til grunnstøytinga er uavklart, men Norled opplyste i ei melding klokka 10.30 om tekniske problem.

– Nødetatane køyrer til staden der ferja er antatt å komme inn for å handtere mottak av passasjerar og for å komme i kontakt med vitne og andre involverte, opplyser politiet.

Taubåten «Boris» frå Mongstad er straks framme ved ferja. Også brannvesen er sendt til Sævrøyna for å assistere «Fedjefjord».

Etter ferja rann i land vende «Fedjefjord» snuten tilbake i retning kaien på Sævrøy. Der blei den liggande ei stund å duppe mellom øyane. Etter kvart kom taubåten «Boris» frå Mongstad og hjelpte ferja inn til land. Også ein losbåt frå Fedje og båten «Draapen» kom til unnsetning. Foto: MarineTraffic/skjermskot