I dag er det 60-sone ved Fonnes senter, men like etter krysset ned mot pizzeriaen i retning austover, går det over til 80-sone.

Hildbjørg Kvernøy er rysta over at det ikkje er 60-sone på fylkesveg 565 i Austrheim kommune.

– Vekk med 80-skilta, seier ho bastant til Strilen.

– Så burde det vore gangfelt her. Det er ikkje trygt når du skal over vegen. Spesielt ikkje når det er mørkt. Det er ikkje greitt for dei som køyrer heller.

– Blir du utrygg?

– Ja, når arbeidstida er slutt og du skal over vegen her, er det mykje trafikk. Det er ikkje kjekt.

Det er skummelt å gå over vegen. Akkurat på dette strekket er det 60-sone. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Det har vore ein del nestenulykke på denne vegen. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Sendt søknad om endring

Det er ikkje berre Hildbjørg som reagerer på farta. Atle Valdersnes har sendt brev til kommunen om endring av farta frå Fonnes senter mot rundkøyringa på Mongstad ved Rema 1000.

– Eg køyrer der dagleg i samband med jobb, og har merka meg at farten her er høg. Det skapar farlege situasjonar i krysset til Leirvågen, der bilar blir dekt av lastebilar.

– Når det går mot 80 her, blir det ein del oppbremsingar, seier Atle.

Han meiner òg at sikten frå krysset til Kaland er for dårleg.

– Det burde vore 60 heile strekket, for det er for dårleg sikt.

Han er einig med Hildbjørg om at det ikkje er ideelt for fotgjengarar.

– Det ferdes ein del dyr og menneske langs det vesle strekket. Eg har sjølv vore i ei nestenulykke.

Han har sendt inn søknad til Statens vegvesen om å endre fartsgrensa. Saken er sendt vidare til Vestland fylkeskommune, som har ansvar for vegen.

I ein tidlegare versjon av denne saka, kom Strilen i skade for å skrive at ho ønskte 60-sone på det aktuelle strekket. Det er fartsaukinga mot 80 som Hildbjørg Kvernøy og andre reagerer på.

Strilen beklagar.

Det er skummelt å gå over vegen, når ikkje folk respekterer fartsgrensa. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Hadde det vore gangfelt, ville det vore langt tryggare for alle. Foto: Kjell Arne Steinsvik