Det kjem fram i ei avhandling som Jens-Tore Granslo har skrive.

Tysdag skal han disputere for doktorgraden ved Universitetet i Bergen med ei avhandling som tek for seg luftvegsplager i etterkant av eksplosjonsulukka i 2007. Fleire oljetankar brann opp i ulukka og det spreidde seg ei vond lukt i nærområdet. Mange vart urolege for at dei hadde pusta inn skadelege stoff, difor vart det sett i gang ei omfattande helseundersøking ei tid etter ulukka.

Undersøkte to grupper

I helseundersøkinga vart folk som arbeidde i Sløvåg og/eller budde i nærområdet undersøkt for symptom i luftvegane og luftvegsplager 1,5 år og 5,5 år etter ulukka. Ein undersøkte også ei gruppe personar som budde lenger unna, for å ha ei kontrollgruppe å samanlikna med.

Redusert lungefunksjon

Resultata viser at det vart observert meir luftvegssymptom blant folk som budde og jobba i Sløvåg-området enn blant personar som budde lenger unna, både etter 1,5 år og etter 5,5 år. Ved siste undersøking var symptoma færre og mindre alvorlege enn ved første undersøking. Det var ikkje mange som hadde redusert lungefunksjon 5,5 år etter ulukka, men ein kunne observera dette hjå ei mindre gruppe personar som deltok i slokkingsarbeidet og oppryddinga like etterpå.

Må kartleggast raskt

– Forurensingen som følge av ulykken kan ha bidratt til mer symptomer og funn i luftveiene, men det er ikke mulig å fastslå dette sikkert fordi den systematiske helseundersøkinga først kom i gang 1,5 år etter ulykken. Det var også mangelfull informasjon om type og omfang av forurensingen den første tiden etter ulykken. Samfunnet og næringslivet bør være oppmerksom på at slike ulykker krever rask kartlegging av situasjonen, og at alvorlige hendelser kan gi helseeffekter i befolkningen over lang tid, heiter det i ei melding som er lagt ut på Universitetet i Bergen sine nettsider.

Jens-Tore Granslo er spesialist i arbeids— og samfunnsmedisin, og overlege og seksjonsleiar ved Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus.