SER PÅ FISKEN: Elisabeth Kjensli (til venstre) og Marte Arnstøl Birknes er tilsett for å jobba ved den nye operasjonssentralen for Firda Seafood Group AS.
DÅP: Sofie Larsen er gudmor for «Sofie», som er det siste tilskotet til Firda Seafood-flåten.

– Frå dette anlegget kan me følgja med på om fisken et opp fôret, seier Elisabeth Kjensli, nyleg tilsett for å jobba ved den nye operasjonssentralen for Firda Seafood Group AS har fått laga på Byrknes.

Det er kamera montert i alle merdar på dei fjorten ulike lokalitetane der Firda Seafood har anlegg. Frå sentralen på Byrknes kan ein styra kameraet i kvar merd, både i høgde og side. Laurdag var det offisiell opning av anlegget, som ligg i same bygg som slakteriet og Firda Seafood Group AS sitt hovudkontor.

– Me kan følgja med på korleis fôret vert spreidd i merden, og om fisken et det, og det er nok til alle.

Teknologien er ikkje ny, og det har mogleg å følgja med på fôringa slik også tidlegare. Det nye er at dette skjer frå ein samla plass, og at dei som er ute på anlegga kan konsentrera seg om andre oppgåver.

Varierer

– Matlysta til fisken vert påverka av lys og temperatur. I tillegg kan me sjå om straumen fører fôret vekk, seier Marte Arnstøl Birknes, som også skal jobba med å overvaka Firda-merdane.

– Herifrå kan me sjå om fisken er stressa eller sjuk.

Frå starten av skal dei to tilsette overvaka to anlegg kvar, der kvar lokalitet har mellom to og sju merdar. Etter kvart skal det prøvast ut kor mange anlegg ein tilsett kan styra fôringa på.

– I dag er det slik at me driv med det me kallar skvettfôring, der fisken får mat mange gonger i løpet av dei lyse timane. Planen er at me skal prøva å ut korleis det ber med 3-4 måltid for dagen, der fisken får tid mellom til å fordøya fôret.

Miljø og økonomi

Å styra fôringa betre handlar mellom anna om miljø, sidan mindre utslepp av fiskefôr til omgjevnadene er eit godt miljøtiltak. Kamerautstyret kan kjørast heilt ned i merdane for å sjå om der er fisk på utsida som beitar på overskotet. Ein kan også bruka kameraet til å inspisera nota i merdane.

– Me har vore ute på lokalitetane og blitt kjent med anlegga, og vil også samarbeida tett med dei som er der ute, seier Birknes.

I tillegg kjem det økonomiske, når kvart kilo fiskefôr kostar over ti kroner er det mykje å henta på å ikkje kasta det rett på havet. I høgsesongen kan ein større lokalitet ha eit forbruk på 50 tonn for dagleg, tilsvarande 600.000 kroner.

Tryggleik

Anlegget som sikrar overføring av TV-signala er levert av selskapet Funn AS, og er montert av Multivolt AS. Det har også eit anna aspekt, ved at same antenner vert nytta til å knyta saman tryggleiksradioar som den enkelte tilsette ber med seg ute på anlegga.

– Kvar enkelt har også ein sensor på seg som slår alarm om den kjem i kontakt med vatn. Då får både me her på operasjonssentrale og kollegaene ute beskjed via systemet, seier Marte Arnstøl Birknes.

Finjustering

– Me kan ikkje låsa oss i gamle måtar, men må utvikla oss vidare, seier Ola Braanaas, gründer og eigar av Firda Seafood Group AS.

I ein periode der næringa slit med lakselus og sjukdommar som ILA, har Firda Seafood klart å auka produksjonen medan totalen har stagnert. Selskapet har også klart dette med mindre bruk av kjemikaliar i avlusinga, dei brukar heller lunka vatn og ferskvatn, og har kutta kjemikaliebruken med 96 prosent.

– No er det ikkje store endringar som skal til i det vidare, men finjusteringar. Kan me til dømes vera meir presise i når me slaktar fisk, og kan me klara å få betre tilvekst.

Braanaas viser til at med betre styringa av tilveksten kan fisken slaktast raskare, og det igjen kan til dømes spara ein runde med avlusing. I dette arbeidet er den nye operasjonssentralen ein viktig element.

Trur på vekst

Braanaas står for ein lang tradisjon i den norske oppdrettsnæringa, og er ein av gründerane som har klart å driva vidare sjølv i konkurranse med dei store internasjonale oppdrettsselskapa. Det er i år 32 år sidan Braanaas søkte om sin første oppdrettskonsesjon, og 30 år sidan oppstarten i Nordalsfjorden.

– Eg var 22 år den gongen, og visste lite om den utviklinga som skulle komma.

I dag har selskapet 150 tilsette alt i alt, i ei næring der Braanaas trur på vidare vekst. Oppdrettaren har merka seg algepiloten som selskapet Co2Bio opna på Mongstad sist veke, der ein skal prøva om algar kan brukast som fiskefôr.

– Klarer me å henta ut protein og karbohydrat lengre nede i næringskjeda vil det berre vera bra, seier Braanaas.

Fornyar flåten

Laurdag var det også dåp for det siste tilskotet til Firda Seafood-flåten, og Sofie Larsen frå Byrknes fekk æra av å slå champagneflaska i skroget. Båten heiter sjølvsagt også Sofie, og skal plasserast ved ein av lokalitetane til oppdrettsanlegget.

– Me har også ein del større katamaranar, men denne er litt mindre og meir praktisk til meir daglege operasjonar, seier Ola Braanaas.

Sofie er 10,65 meter lang og 5,0 meter brei, og har ein 265 hestar John Deere til framdrift, i tillegg til to 40 hestars sidepropellar for å halda fartøyet på plass. Konstruksjonen er det Marin Design AS som står for, og så er bygginga gjort ved Moen Marin i Nord-Trøndelag.

Avlusing

Seinare i år ventar Firda Seafood nok ein skipsleveranse. Firda Fighter er under bygging i Tyrkia, og når den er ferdig utstyrt over nyttår vil skipet verta sett inn i avlusingsarbeidet rundt om på Firda sine lokalitetar,

– Med vårt eige fartøy til dette arbeidet vert det lettare å planlegga operasjonane, og me kan styra arbeidet betre, seier Ola Braanaas.

Akkurat denne helga måtte selskapet mobilisera ein del mannskap til arbeid med avlusing, då dei plutseleg kunne få leiga inn eit fartøy til avlusing.

– Om me ikkje sa ja no, kunne det gå tre veker til neste gong fartøyet var ledig. Med Firda Fighter på plass kan me styra dette arbeidet sjølv, og unngå denne typen arbeid i helger.