I GANG: I første omgang blir det bygt turløype i området mellom idrettsanlegget i Grønålen og Nesvatnet.

Ein 2,5 meter brei grusveg skal gje radværingar og andre ei fin turoppleving i ei sløyfe frå Grønålen, gjennom skogen ned mot Nesvatnet og vidare mot bustadområdet i Prestmarka. På veg ned mot Nesvatnet skal det byggast ei trebru forbi ein freda steinheller.

«Alle i aktivitet» er visjonen for Radøy kommune, ein visjon som mellom anna kjem til uttrykk i Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og nærmiljø. Som eit ledd i denne satsinga gav kommunestyret grønt lys for å bygga turvegen i området, ved utgangspunkt i idrettsanlegget på Manger.

Fin løype i supert terreng

Det er Radøy kommune som står bak prosjektet, i tett samarbeid med Manger Idrettslag. Etter ein del utfordringar knytt til kostnader og val av trasé, er arbeidet med første byggesteg no godt i gang.

– Dette blir veldig bra – ei fin løype i vakkert terreng. Me trur svært mange vil ha stor glede og nytte av denne turløypa, seier Atle Vaage, Odd Matre og Johnny Hermansen i Manger IL, og prosjektleiar Tore Rikstad i Radøy kommune. Dei er godt tilfredse med arbeidet så langt i prosjektet.

Det er entreprenør Rune Ulvatn AS som har fått tildelt første byggesteg.

Etterlengta

Manger IL synest det er utruleg kjekt at ein no har kome i gang med bygging av turløypa.

– Etter at me fekk rehabilitert kunstgrasbana i Grønålen 2015, har laget sitt hovudfokus vore å koma i gang med dette prosjektet, seier leiar Odd Helge Hagen.

Han trur og det vil vera lettare for laget å jobba for eksterne bidrag, når ein no kan visa til at arbeidet er i gang.

Manger IL har elles på eige initiativ bestemt seg for å laga ein liten avstikkar frå løypa.

– Like ovanfor Nesvatnet ligg ein utruleg stille og fredeleg flekk, med god utsikt over vatnet. Her kjem me til å rydda unna litt kratt og tre, grusa opp ein liten avstikkar og få ut ein benk eller to. Dette reknar me med å få gjort i løpet av hausten og vinteren, seier Hagen.

Idrettsleiaren rosar Radøy kommune for å prioritera turløypa.

– Me veit at økonomien er anstrengt, og er takksame for at me likevel får til dette samarbeidet. Laget er innstilt på at det kan ta tid, men me håpar og trur at heile løypa kan vera ferdigstilt innan få år, seier Hagen.