Det er Özgür Mazlum som skal driva restauranten. Han er trønder og opna sin første Palermo-restaurant på Landås for tre år sidan.

– Tanken var å la det bli med det. Men då eg fekk tilbod om å opna på Lindås, var det meir interessant enn eg først trudde, for det er jo ingen spiseplassar der, forklarer 34-åringen.

Mazlum ser fram til å prøva noko nytt.

At han satsar på italiensk mat, er fordi det er det han er god på.

– Eg er ikkje utdanna kokk, men har jobba i bransjen som kokk, servitør og pizzabakar sidan eg var fjorten år, berre med italiensk mat, forklarer han.

Özgür Mazlum skal snart servere pizza på Lindås. Foto: Privat

Frå Landås til Lindås

Planen er å vera både på Landås og Lindås, men i starten blir det mest på Lindås.

– Målet er å tilsetja lokale folk når me blir kjende, seier han.

Etter berre tre år, blei restauranten på Landås for nokre månader sidan topp fem på mest nøgde kundar og mest faste kundar.

– Det er ikkje mange som kan skilta med det etter så kort tid, seier Mazlum stolt.

No håper han dei også blir tatt godt imot på Lindås.

Frå restauranten skal dei også ha utgang til torget, slik at folk kan sitja der og kosa seg. Og så vil dei tilby takeaway.

Det er her like ved inngangen til Rema 1000 restauranten snart opnar. Foto: Gunn Berit Wiik

Dagleg leiar i Lindås Nærsenter, Karl-Aage Tvedt, er utruleg glad for at folk på Lindås endeleg skal kunna få seg ein matbit i senteret igjen.

– Eg trur det har vore eit etterlengta tilbod, og eg har fått veldig god tiltru til Mazlum, seier han.

Etter at den førre pizzeriaen gav seg for nokre år sidan, blei det laga til ein liten senterkafé med kaffimaskin. Men no blir det andre bollar.

Tvedt fortel at dei framleis er på jakt etter nokon som kan fylla lokala til Nille som gav seg i fjor haust.

– Me har snakka med mange, men har ikkje klart å landa nokon avtale enno, seier han.

Ein av dei han har prøvd seg på, er Vinmonopolet.

– Me fekk avslag i fjor, men har ikkje tenkt å gi oss, seier han.