Ein laurdagskveld i september i 2019 var ein mann i 20-åra frå Alver kommune på bytur i Bergen.

Langt utpå natta skal han ha vore innblanda i ein slåstkamp på ein utestad. Mannen fekk beskjed frå politiet om å forlate sentrum og dra heim til bustaden i Nordhordland, men han gav klart uttrykk for at han ikkje hadde tenkt til å følge pålegget frå politiet.

No er mannen dømt til å betale ei bot på 7200 kroner og sakskostnadar på 2000 kroner.

Fekk fleire sjansar

Denne veka måtte mannen møte i Bergen tingrett. Han sa seg ikkje skuldig etter tiltalen.

Retten fann det bevist at mannen i 20-åra fekk eit pålegg frå politiet om å forlate sentrum og reise heim. Han blei gjort kjent med konsekvensane av å ikkje følge dette. Mannen fekk fleire moglegheiter til å gjere slik politiet sa, men han nekta, og blei til slutt sett i arrest.

Retten gjorde det klart at dei ikkje har lagt vekt på det som skjedde før mannen blei tatt hand om av politiet, og kvifor dørvakta på utestaden nekta mannen å opphalde seg der lenger. Dei meinte at dette ikkje hadde nokon betydning for spørsmålet om skuld i denne saka.

Ein politibetjent som var på staden har forklart at dei gav mannen eit tilbod om å køyre han til bussen på Bystasjonen. Politiet skal likevel ha oppfatta det som at mannen ville inn igjen på utestaden, der kameraten hans var.

Meinte at politiet var frekke

Mannen har forklart at han nekta å reise heim, fordi han opplyste at han ville overnatte hos ein kamerat i Bergen. Han meinte politiet gav beskjed på ein ufin måte, og at dei var frekke og vanskelege.

Han var bekymra for eigen helse, då han meinte han var blitt slått i hovudet inne på utestaden, og han var redd for å reise heim åleine. Han meinte også at det var lenge å vente på den einaste bussen heim.

Retten oppfatta at mannen meinte at han ikkje var forplikta til å følgje pålegget frå politiet.

I dommen heiter det at:

«Retten legger til grunn at politiet oppfattet tiltalte slik, at dersom han ikke fikk pålegg om å forlate sentrum og om reise hjem, ville tiltalte gå tilbake til utestedet. De vurderte også tiltalte som veldig beruset, med skiftende stemningsleie. Det at han var veldig beruset, ble bekreftet på legevakten, der han blåste til 1,8 i promille. Deres vurdering på stedet og underveis tilsa at det var nødvendig og hensiktsmessig at tiltalte fikk pålegg om å reise hjem. Retten mener at politiets pålegg var lovlig