Torsdag var det skulestart rundt om på skulane i regionen vår. Det veit også politiet, som pleier å ta seg ein runde utom for å sjå at folk køyrer pent og pynteleg.

For politiet tok seg ein tur til Austebygd skule på Radøy, medan dei fredag besøkte Kaland skule i Austrheim og Skodvin montessoriskule i Lindås.

– Vi har hatt atferdskontrollar der me følger med på trafikken og snakkar med foreldre, seier Glenn Ulrik Våge ved Nordhordland lensmannskontor.

Ifølge han var det lite å melde, men politiet vil halde fram med å vere synleg i tida framover.

– Husk at det er mjuke trafikantar langs vegane. Køyr forsiktig og la mobilen ligge, så får dine og andre sine barn ein god og trygg skulestart, seier politiet.

Sjølv om det var fin køyring rundt skulane, var det meir graverande det som skjedde andre stadar i regionen torsdag. UP tok både førarkort og såg mange som køyrde med mobilen i handa.