Denne veka går det føre seg ein ryddesjau over det ganske land. Store og små hender er i aksjon for å plukke plast og boss i heile Norge, og det heile kulminerer i den store strandryddedagen laurdag 5. mai.

Nokon av dei som har tatt på seg hanskane er Alice Byrknes Hølleland, Kirsten Kelly og Anna Osland Øvretveit, som har gjort ein innsats under Haglsundbrua i Knarvik.

Er du også ute på «bosstokt», send oss gjerne nokre bilde! Me vil gjerne ha inn bilde frå heile Nordhordland og Gulen.

Send bilda til desk@strilen.no, via Facebook eller del på Instagram med #strilen

Dess fleire bilde, dess betre! Og det er ekstra kjekt om ein fortel kor ein har plukka boss og i tillegg viser fjesa på dei som er med – og ikkje berre bosset.

Mange med på laget

Brannvesen, kommunar og fleire lokale lag er med på årets aksjon, som Strilen skreiv om nyleg.

– Eg er heilt imponert. Det kjem til å bli ein kjempedugnad, seier Siv-Merete Vedå, som er strandrydde-ansvarleg i NGIR.

Frå før av er det også kjent at statsminister Erna Solberg blir med på strandryddeaksjonen i Meland. Ho skal plukka boss på Fløksand og deretter vidare på eit fellesarrangement på Litlebergen, i regi av kommunen og Bærekraftige Liv Meland

Strandryddekart

Mange har allereie registrert sine ryddeaksjonar inne på Hold Norge Rent sitt ryddekart. Kartet viser blant anna at Keipane kystlag, Hjelmås båtforening/Hjelmås handelslag/U. L. Heimhug og Hopland grendalag har vore eller skal i aksjon mot bosset.

RYDDESJAU: Mange har registrert sine strandryddeaksjonar på Hold Norg Rent sitt ryddekart. Foto: Hold Norge Rent/skjermskot