Frå 1. september gjekk Arnold Matre, som seinast var tilsett i Lindås kommune, inn i stillinga som leiar av krigsmuseet på Matre. Han tok over etter Arne Berg, som har vore leiar for museet dei siste åra.

– Eg har no vore kjent med Bjørn West-historia frå før, men i haust har eg sett meg ytterlegare inn i dette, både ved å lesa bøker og ved gå i fjellet og sjå kvar hendingane føregjekk, seier Arnold Matre, som også bur på Matre.

Vidare framover vil museumsleiaren jobba med både å auka besøket i dagens lokale, samt med planane om å få på plass eit nytt og større lokale for samlinga.

– Eg skal jobba vidare med utgreiingane for eit eventuelt nybygg, det vera seg både kva bygget skal innehalda, korleis det kan finansierast, og utforminga. Når det gjeld anna innhald har eit visningssenter for Stølsheimen vore det mest aktuelle til no, men me ser på andre funksjonar også.

For nokre år sidan vart det utarbeidd ein rapport som konkluderte med at eit nybygg er det som skal til for å løfta museet.

Del av Museum Vest

Same rapport sa også at Bjørn West-museet bør inngå i ein større organisasjon, og det gjekk i boks frå 1. januar 2016. Frå og med i år er museet på Matre ein del av Museum Vest, ein organisasjon som også omfattar mellom anna Norges Fiskerimuseum, Nordsjøfartmuseet, Herdla Museum, Fjell Festning og Kystmuseet i Øygarden.

– Museum Vest samlar mykje kystkultur, krigshistorie og fiskeri, seier Arnold Matre, som meiner det er rett veg framover for Bjørn West-museet å komma med der.

– Fagleg sett er det ein styrke å vera del av Museum Vest-organisasjonen, eg trur det er ein nøkkel til å lukkast i det vidare arbeidet.

Dagens bygg vart oppgradert i vår, med nytt tak og utvendig maling.

Auka besøket

Bjørn West-museet hadde best besøk dei første åra etter opninga i 1994. I dag er tala svakare, men likevel med ein auke dei siste åra, og det ser ut til å enda kring 1.500 gjester i 2016. – Her på museet kan me fortelja ein viktig del av både lokal og nasjonale historie, og me opplever at dei som kjem synest at det er ei spennande samling. Med det ein ser rundt i verda i dag så vert dette berre meir og meir aktuelt, også for ungdommar. For skular som kjem hit kan ein bruka samlinga som bakgrunn for diskusjonar om kva ein vil gjera for å forsvara demokratiet, seier Matre.

– I eit nybygg vil det verta meir plass til å setja fokus på problemstillingar kring menneskerettar, motstandskamp, menneskeverd og demokrati.

Marknadsføra

Bjørn West-museet har eit samarbeid med lokale reiselivsbedrifter som Stordalen Fjellstove, Brekkestranda Fjordhotell og Frøyset gardsmat, for å marknadsføra kvarandre til sine gjester.

– Det handlar om at ein kan kombinera natur— og kulturopplevingar, i eit godt samarbeid som me vil utvikla vidare, seier Matre.

Arnold Matre er oppteken av at også større deler av regionen kjenner museet som «sitt». Då stiftinga bak museet vart etablert i 1991 var det med deltaking frå kommunane Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Men motstandsstyrken som vart etablert i Masfjordfjella dei siste åra av andre verdskrigen hadde også soldatar frå andre kommunar.

– Bjørn West-museet er for heile regionen, seier Arnold Matre.