— Eg har site oppe og følgd valet i natt. Eg må seia at er djupt skuffa over resultatet, seier Bakke til Strilen.

Sjølv om ho har budd mange år i Lindås, er ho amerikansk statsborgar med stemmerett.

— Eg stemte sjølvsagt på Hillary Clinton, seier Bakke.

Etter å ha høyrt på amerikanske valanalytikarar meiner Bakke at det framfor alt er éin grunn til at Trump overraska og slo den store førehandsfavoritten Clinton på valdagen.

— Det er nok underklassen, og då spesielt menn, som i stor grad har stemt på Clinton. Dei er misnøgde, og trur at Trump kan gje dei nytt håp, seier Bakke.

Frå alle verdshjørne har det i morgontimane onsdag komme meldingar om sjokk og vantru etter Trump sin valsiger. Mange fryktar kva for konsekvensar resultatet vil få, spesielt utanrikspolitisk.

— Eg trur me må venta litt å sjå det heile an. Trump må forhalda seg til Kongressen, Senatet og Representantenes Hus. Han kan ikkje gjera nett som han vil, seier Bakke.