Kraftinntektene har gjort Modalen til ein rik kommune, og det har dei 382 innbyggjarane nytt godt av. Kommunen har hatt økonomisk handlefridom til å løysa dei fleste utfordringar med stor kommunal eigeninnsats, og kommunen har levert tenester av god kvalitet. Men i sitt framlegg til budsjett for 2017, skriv rådmann Øivind Olsnes at:

– Inntektene vil verta lågare i åra framover, og det vil i enno større grad vera viktig at alle ledd i organisasjonen bidreg til ei økonomistyring som gjer at det til ei kvar tid er tilgjengeleg og tilstrekkeleg økonomisk handlefridom. Det vil også setja krav til ei strengare politisk prioritering av driftskostnader, lokale stønadsordningar og investeringstiltak.

Mindre i eigedomsskatt

Svært mykje av kommunen sin økonomi er knytt til inntekt frå kraftproduksjon. Naturressursskatt, konsesjonsavgift og eigedomsskatt utgjer samla nesten halvparten av driftsinntektene til Modalen. Denne delen har i mange år vore aukande, men er dei siste åra redusert. Det skuldast spesielt reduserte inntekter frå eigedomsskatt på verk og bruk. I 2015 fekk kommunen 0,5 millionar mindre i eigedomsskatt enn året før. I 2016 gjekk inntekta ned med ytterlegare 1,2 millionar, og ein må rekna med ein ytterlegare nedgang dei tre neste åra.

I tillegg til mindre eigedomsskatt vil kommunen få vesentleg reduserte inntekter for sal av tenester til Vaksdal kommune neste år. Vaksdal har blant anna hatt ein avtale om å leiga sjukeheimsplassar på Modalstunet. Den avtalen har dei sagt opp, men alle elevar frå Eidslandet i Vaksdal kommune går framleis på Mo skule. Dei to kommunane har ein avtale om det som gjeld for eitt år omgangen fram til den vert sagt opp av ein av partane. I 2017 reknar ein med at Mo skule vil ha 81 elevar, og at 19 av desse er gjesteelevar frå andre kommunar.

Rådmannen har som utgangspunkt at dagens driftsnivå skal vidareførast neste år, og budsjettet inneheldt ikkje dei store overraskingane. Når det gjeld ting det vert satsa på, nemner rådmannen blant anna at kommunen vil tilsetja ein person i 20 prosent stilling som skal ha ansvar for barne— og ungdomsarbeidet. Dette fordi ein ønskjer å styrka tilbodet til barn og unge utover skuletid med andre kulturtilbod.

Kyrkja ber om meir

Rådmannen nemner også at driftstilskotet til Mo sokn (kyrkja) har auka vesentleg dei siste åra. For 2017 har Mo sokn søkt om over ein million i tilskot til drift, ein auke på 3,5 prosent i forhold til 2016. I 2016 vart det også søkt om ekstra tilskot på 120.000 kroner til maling av kyrkja. Rådmannen registrerer at auken innan for denne eininga har vore vesentleg, og større enn innanfor andre kommunale einingar. Difor vil han ikkje tilrå politikarane å auka tilskotet til kyrkja i 2017. Rådmannen har lagt fram eit framlegg til budsjett med ei bruttoramme (samla driftsinntekt) på om lag 89 millionar, og eit netto driftsresultat på om lag 5,8 millionar. Kommunen har ikkje tenkt å ta opp nye lån i 2017, og lånegjelda ved årsskiftet vil vera om lag 18,9 millionar.

I økonomiplanen vert det lagt vekt på å halde investeringane på eit nivå som er tilpassa kommunen si økonomiske evne. Investeringslista er på 5 millionar kroner både for 2017 og 2018, og endå lågare dei to siste åra i økonomiplanperioden.