Politiet forklarer at brøytebilen stoppa opp for eit møtande vogntog, og at personbilen då fekk ein bråstopp i i bakenden på brøytebilen.

Den unge mannen var bevisst og kom seg ut av bilen med eit kutt i hovudet. Etter å ha blitt undersøkt av helsepersonell på staden, blei han teken med til Haukeland universitetssjukehus.

Føraren av brøytebilen skal vera uskadd.

Den unge mannen blei midlertidig fråteken førarkortet for aktlaus kjøring.

Politiet organiserte manuell dirigering i etterkant medan ein venta på bilbergar frå Knarvik. Klokka 19.30 vart vegen meldt rydda og opna for ordinær trafikk.