På morgonkvisten måndag var det eit mindre trafikkuhell på Gjerde på Radøy.

Ein bilist kom kjørande i 50-sona, då vedkommande møtte ein annan bil. Den neste bilisten som kom etter klarte derimot ikkje å stoppa, noko som resulterte i at bilen brasa inn i den føre.

– Bilisten må ha hatt litt for høg fart etter forholda. Det er oppretta straffesak og førarkortet blei beslaglagt, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

Det vart ikkje meldt om alvorlege skadar knytt til uhellet.