Det er Bergens Tidende som melde dette fredags ettermiddag.

– Vrakdelen skal skjerast opp og hevast i mindre delar, seier fungerande beredskapsdirektør Rune Bergstrøm i Kystverket til BT.

Det var i 2007 at det kypriotiskregistrerte Skipet kjørte på land på Fedje.

Krangling

Skipet brakk i to i forliset, og det var eit omfattande oljesøl både på Fedje og innover i nabokommunane Austrheim og Radøy. Medan forskipet heldt seg flytande, gjekk akterskipet ned mellom fyret og sjølve Fedje. Den første tida var vraket synleg over vassflata, men havet mala opp skipet slik at det etter ei tid ikkje lengre var synleg.

Medan forskipet vart slept til Ågotnes, tømt for olje og seinare hogd opp, har styresmaktene og reiarlaget/forsikringsselskapet krangla i årevis om kven som har ansvaret for å fjerna akterskipet.

Nederlandsk

Det nederlandske selskapet Koole har ei stund førebudd operasjonen med å fjerna restane etter Server-forliset.

Koole er eit stort nederlandsk føretak som mellom anna driv med berging av vrak. Selskapet si bergingsavdeling heiter Koole Mammoet, etter at Koole i 2016 kjøpte bergingsavdelinga frå Mammoet.

Mammoet er eit kjent firmanamn på Fedje, sidan dei i 2009 fekk tilslaget på å heva vraket av ubåten U864.

Ifølge BT er det ikkje kjent kor lang tid arbeidet vil ta.