Alle nødetatane var kjapt på pletten då alarmen gjekk. Foto: Erlend Kristiansen

Klokka 16.03 søndag ettermiddag opplyste brannvesenet at dei hadde fått melding om brann på eit bad. Den aktuelle bustaden er ein del av eit rekkehus i Knarvik.

Storutrykking

– Røykutvikling på staden, men ikkje bekrefta brann, opplyste politiet 16.18.

Alle nødetatane rykte straks ut og stilte med store mannskapar. Brannvesenet rykte ut frå både Åsane og Ikenberget.

Då Strilen var der i 16.10-tida, verka situasjonen ganske så avklart.

Matlaging

Etter kvart viste det seg at svilukta kom frå matlaging i ei tilstøytande bueining. Ifølge brannvesenet var det snakk om tørrkoking.

Utrykkinga var til ein bustad sentralt i Knarvik. Foto: Erlend Kristiansen
Det er fotballcup i Nordhordlandshallen og fleire som var i området eller på veg der, stoppa opp for å sjå kva som hende. Foto: Kristiansen, Erlend Nordland