På morgonturen var det så kaldt at underteikna sin hund sjølv valde å ta den kortaste vegen heim. Ullundertøy og fleece er for lengst lagt fram. Men du bør nyte det tørre klimaet.

– Eit lågtrykk kjem inn frå Nordsjøen onsdag, som gjer at vi får vind frå sør-austleg retning, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg til Strilen.

Det betyr auka temperatur, meir vind – og etter alle høve; nedbør.

Sist veke fekk vi smake litt på snø, og i starten på denne veka har vi så absolutt fått kjenne vinteren på kroppen.

– Det er usikkert om nedbøren kjem som snø, sludd eller regn.

Med temperaturen på veg opp blir det mest sannsynlegvis mest regn.

– Onsdag er dagen det ligg an til mest nedbør, men det er usikkert kor mykje. Allereie i løpet av tysdagen er det venta at temperaturen vil gå over på pluss-sidan, seier Selberg.