I Modalen har ungdommane fått eit lokale av kommunen og 70.000 kroner som dei kan bruke til innreiing og utstyr. I sofaen sit Jakob Selmer Langedal, Magnus Hrafn Jakobsen, Ådne Matre Nordheim, Joakim Brügger, Olai Nygard Nese og Viljar Hella Holsen. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Her får ungdommane rom og ein god sum til innreiing og utstyr

Då ungdommane bad om å få ein plass å vere, stilte Modalen kommune opp med lokale og 70.000 kroner som ungdommane kunne bruke til utstyr og innreiing.