Tjuvane klippa seg gjennom gjerdet på det lukka området på Galteråsen natt til søndag.

Dei fekk med seg to påhengsmotorar, frå båtar som skulle overvintre der.

– Det dreier seg om to Honda-motorar, ein 50- og ein 60-hestars påhengsmotor, seier Kjell-Idar Vangberg til Strilen.

Sjå samanhengar

Politiet etterforskar no saka. Det har vore ein del tjuveri av båtmotorar i sommar, så Vangberg seier at dei no ser på andre døme i distriktet.

– Vi vil først og fremst sjå på samanhengar i Vest politidistrikt, på om det har vore fleire tilfelle den siste tida.

Han oppmodar publikum som har tips til å ta kontakt.

– Gje oss ein lyd om du veit noko.

Du kan kontakte politiet på 02800 eller ringe Nordhordland lensmannskontor på 56 35 56 70