• Tips eller bilde frå trafikken? desk@strilen.no eller Facebook

Det er no avgjort at vegen ikkje blir opna i løpet av onsdagen.

Ei rekke nødetatar blei sendt til Sandviken i Bergen i 23-tida tysdag kveld da bebeuarar i området melde at det fossa vatn ut av muren som går nedanfor E39.

Stenginga av E39 har ført til lange køar i Åsane og gjennom Arna.

Fryktar E39 kan kollapse

I frykt for at massar kan rase ut, har 58 personer fra ti bustadar i området blitt evakuert.

– Vi kjenner ikkje til korleis grunnforholda i vegen er, og når vi ikkje kjenner til det, så kan vi heller ikkje utelukke at det vil kunne rase ut på eit tidspunkt, seier innsatsleiar i politiet Casper Kaland.

Ein geolog var på plass for å undersøke området då det lysna.

Til NRK sier Kaland at dei fryktar at heile E39 kan kollapse ved bomstasjonen i Sandviken. Det er skadar på muren nedanfor europaveien. Vegen er stengt i sørgåande retning.

– Dersom E39 raser ut, vil det føre til enorme problem i trafikken i Bergen, seier han til kanalen.

Brannvesen i lag med andre etatar har natt til onsdag vore på plass i Sandviken, kor ein vasslekkasje oppstod seint tysdag kveld. Foto: Marit Hommedal

– La bilen stå

E39 retning sør mot Bergen er stengt mellom bomstasjon i Sandviken og avkøyrsel frå E39 mot Bergen sentrum. Den kjem til å bli stengt ei god stund.

Det er ingen direkte omkøyringsmoglegheiter der vegen er stengt. Eit alternativ er å køyre om Arna, men onsdag morgon og formiddag var det lange køar der. Dette vil få store konsekvensar for trafikken på morgonen og dagtid, varslar politiet.

– Vi ber folk som kjem nordfrå, om å unngå å reise inn til sentrum fordi vegen er sperra. Det er ein trafikkert veg i utgangspunktet, og på omkøyringsvegen er det dårleg kapasitet, seier operasjonsleder Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NTB.

Folk som skal køyre i dette området blir beden om å rekne inn god tid.

Siden det er dårlig kapasitet på omkøyringsvegen via Arna og Hardangervegen, vil også bussane få utfordringar med å komme seg fram.

– Det kjem til å bli kaos uansett, men vi må prøve å avgrense skadane, seier Halleraker om oppmodinga om å la bilen stå.

Det var full kork i Åsane og Vågsbotn onsdag morgon. Dei raude strekene indikerer kø. Foto: Google maps/skjermskot
Motorvegen i Åsane. Foto: Marit Hommedal
Politiet på utrykking på motorvegen i Åsane. Foto: Marit Hommedal
Bebuarane i fleire hus er evakuert og E39 er stengt som følge av lekkasje etter brot på ein vassleidning i Sandviken i Bergen. Foto: Marit Hommedal
Casper Kaland, innsatsleiar i politiet informerer om evakueringa og at E39 er stengt som følge av lekkasje etter brot på en vassleidning i Sandviken. Foto: Marit Hommedal