Geitebukken Truls lograr med halen og er tydelege begeistra når Kjartan Røynstrand (14) kjem. Dei skal ut på tur.

– Han er kosete og veldig glad i folk, fortel Kjartan om kjælegeitebukken sin.

Dei fekk begge to mykje merksemd då Kjartan tok med seg geita i Stoltzekleiven tidlegare i år.

Mørkeredd geit

– Kjem du, Truls?

Kjartan held han i band, men han slepp han laus når dei kjem til beitemarka der kyrne og sauene går.

– Han er flink å finne mat overalt kor han går. Han et alt muleg, roser og granbuskar òg. Du må vere tålmodig når du går på tur.

– Er det noko han ikkje et?

– Folk.

Truls er glad i å ete, og et det meste han kjem over. Foto: Silje Alvsaker

Kjartan har pakka med seg ein sekk med te, kakao, kjeks, sjokolade og kraftfòr. Han finn fram kubbelys som han har liggande. Dei to pleier å gå tur saman kvar dag. Då går dei til ein av Kjartan sine favorittplassar, der det er laga benkar rundt ein bålplass. I dag har han med seg eit stormkjøkken til å koke opp vatn på. Kjartan pleier å sitje her og filosofere. På det inngjerda området brukar Truls å få gå laus.– Eg trur han er litt mørkeredd. Då vi gjekk tur i går måtte eg vifte med lommelykta for at han skulle finne meg. Då gjekk han ekstra tett opp til meg på heimvegen.

Truls luktar på teposepapiret. Han vil ete det. Han snusar på journalistblokka. Den vil han òg ete. Underteikna sin kardigan er spesielt interessant. Truls tek nokre jafs og får nappa ut litt ull.

Kjartan kjøpte mora til Truls, Vaffelhjarte, for vel to og eit halvt år sidan. To veker etterpå kom Truls, Trine og Hermine til verda.

– Då han var liten hadde eg han ofte på fanget.

Truls skrik viss ikkje Kjartan er der.

Løyen

– Veit du korleis Truls finn ut om det er straum i gjerdet? Han bit over heile, fortel Kjartan.

– Han er litt løyen av og til. Truls er på ein måte som ein unge, han stikk av heile tida når han blir sleppt laus.

geit5.jpg Foto: Silje Alvsaker

Truls går stort sett der Kjartan går. Men maten står høgare i rang enn bestevenen.– Ein gang stoppa han 25 bilar, ein buss og ein lastebil på ein gong. Det er rekord. Då stilte han seg med ræva ut i vegbanen. Eg fekk tak i han etter sterke protestar. Han er fæl til å stoppe bilar, fortel Kjartan.

Han fortel historier om kva "gale" Truls har gjort. Då han ha hoppa over gjerdet, og korleis Kjartan syntest det var morosamt, men at far hans, som må ordne opp, ikkje synest det var like morosamt.

– Ein gang stakk Truls av ned til skulen. Då kom det nokon som var sinte og bad oss om å ta han med oss heim igjen. Det var rett før skulen skulle starte, og dei hadde brukt tid på å gjere skulen klar.

Vil overta garden

Ei geit er ikkje eit heilt vanleg kjæledyr å sjå verken i Stoltzen eller på tur i band. 1. mai eit år var det ei jente som skreik: Geita drit!

Han ønskjer å ta med seg Truls på Fløyen, og har sendt e-post for å spørje om det kan late seg gjere på Fløibanen opp.

geit7.jpg

– Desse lekk litt meir enn ein hund. Eg tenkjer å ta nokre handdukar rundt livet og plastpose på han, og så ta med kost og brett.Kjartan går på Radøy ungdomsskule. Til neste år vil han gå på naturlinja på Voss, for planen er å overta garden. Han og søskena Heidi og Sindre er vaksne opp med dyr på garden.

– Då skal eg ha sauar. Kyr likar eg ikkje så godt.

Truls ristar i på hovudet når Kjartan tek tak i horna hans, og vil ikkje lye. Kjartan er litt oppgitt over den sta geitebukken. Han har nemlig fått auge på noko godt. Igjen.

– Han er akkurat som eit lite barn.