STORT ENGASJEMENT: Agnar Konglevoll og fleire grunneigarar tok ordet og peika blant anna på at gardane rundt i bygda framleis må kunna bruka postvegen og at alle grunneigarar difor bør involverast i verneprosessen.
80 FRAMMØTTE: På møtet dukka det i tillegg til bygdefolk i alle aldrar, opp folk både frå Lindås og Seim. Her er Frode Røssland, Atle Rød, Malvin Ynnesdal og Frode Bakke i prat med Per Steffen Myhren (med ryggen til.)
TRENG VØLAST: Til ein fullsett sal viste Anfinn Ansok bilde av dei stadane der postvegen bør setjast i stand att.

– Me håpar de er klar over for ei perle av ein kulturskatt de har gjennom bygda, understreka delegasjonen frå Statens vegvesen på eit bygdemøte om den unike vegen i ungdomshuset Dalheim nyleg.

Med åtti frammøtte skulle alt tyda på at engasjementet for postvegen er stort i bygda også. Men i mangel på nokon vedlikehaldsplan har vegen fått lov å forfalla i fred, spesielt frå Hundvin kyrkje til Trælevikjæ.

Her går det nemleg ikkje like mykje folk som frå Hundvin og nordover og det beste vernet er å bruka vegen.

No håpar vegvesenet difor at bygda vil vera med å ta grep for å setja vegen i stand att.

22 år sidan sist

Sist vegen vart rusta opp, var for 22 år sidan. Då tok ungdomslaget Nybrot grep og rusta opp dei åtte kilometerane med postveg på dugnad.

At strekninga no er komen med på vegvesenet sin verneplan, skuldast at Arnfinn Ansok og Per Steffen Myhren frå Statens vegvesen gjekk strekninga i sommar for å kartleggja tilstanden på vegen.

Det dei såg var at det mange stader gror over med skog og kratt, murar er i ferd med å forfalla, grinder har ramla ned og skilta er blitt gamle og nesten uleselege. Fleire stader trengst det også grøfting.

Noko MÅ gjerast

På grunnlag av dette vil dei no laga ein plan for vedlikehald og istandsetjing av vegen. For noko må gjerast. Men sjølve jobben må andre gjera.

– Me har litt pengar og dei skal de få, og me stiller kompetansen vår til disposisjon. Men utover det må ein prøva å finna samarbeidspartnarar som kan bidra, det må jobbast dugnad og det må tiggast om pengar, sa Arnfinn Ansok.

Samarbeidspartnarar ein ser føre seg i tillegg til vegvesenet, kan vera Bergen og Omland friluftsråd, kommunen, fylkeskommunen, ungdomslaget og sparebanken.

– Men det er sikkert lurt å etablera ei venegruppe først, føreslo Ansok.

Til fritidsbruk

Han understreka at vegen må vølast og brukast forsiktig, for det er skjøre greier. Men gardbrukarane skal sjølvsagt få buka han som tilkomstveg der det er nødvendig.

Postvegen er meint å vera eit kulturminne til fritidsbruk. Men han vil ikkje universelt utforma, for som kulturskatt bør me bevara den strukturen han har, meiner vegvesenet.

Frå salen vart det etterlyst parkeringsplassar og vøling av postvegen på Vågseidet, der han stoppar i lause lufta ved Fylkesvegen.

Ein annan ting som heng i lause lufta er kven som eigentleg eig postvegen. Det kunne ikkje verken kommunen eller vegvesenet svara på.

– Eg vil tru det er det offentlege, men det bør me finna ut, sa Ansok

Korleis vegen skal vedlikehaldast etter at han no blir vøla, var også eit spørsmål som dukka opp.

Solveig Laumark Møller som driv Træland gard og i fleire år har hatt eit samarbeid med skulen, peika på at kanskje skulen burde involverast i prosjektet. Då vil dei unge i bygda også få eit forhold til vegen, og det kan vera verdifullt i framtida, meinte ho.