Denne gongen vert det ikkje folkemøter rundt i krinsane, i staden vil kommunen reisa rundt på handlesentra og andre plassar der folk møtest.

Fredag 25. november vert det stopp i Knarvik Senter, seinare skal dei treffa folk på Lindås Senter og på Ostereidet, på biblioteket i Knarvik og på snøggbåten som går mellom Knarvik og Bergen.

– I staden for å invitera til folkemøte, reiser me ut til folket, seier prosjektleiar Line Thuen Waage.

– Kommuneplanen er den viktigaste planen vår. Den seier kva type samfunn me vil ha og kva grep me må ta for å komma dit. Og sidan framtida til kommunen er framtida til alle som bur og driv næring i Lindås kommune, er det viktig å høyra kva folk meiner, seier rådmann Ørjan Raknes Forthun.