Statens vegvesen held på med vedlikehaldsarbeid og sprengingar langs E39. Her er lista over vegarbeidet som føregår i Nordhordland og Hordvik.

Hordviktunnelen: Manuell dirigering på grunn av vegarbeid: Måndag til fredag frå 22.00 til 05.30. Søndag frå 00.00 til 05.30. Vent på følgjebil, ventetid cirka 15 minutt. Gjeld til 1. desember.

Nordhordlandsbrua — Hagelsundbrua: Manuell dirigering på grunn av vegarbeid: Måndag til torsdag frå 22.00 til 05.30. Vent på følgjebil. Gjelder til 1. desember.

Hagelsundbrua: Manuell dirigering og kan bli stengt i korte periodar på grunn av vedlikehaldsarbeid: Måndag til torsdag frå 22.00 til 05.30. Gjeld til 15. desember.

Mundalsbergtunnelen: Kan bli stengt i periodar på inntil 15 minutt på grunn av sprengingsarbeid: Måndag til fredag frå 07.00 til 16.00. Gjeld til 30. desember.

Mundalsbergtunnelen: Manuell dirigering, kan bli stengt i periodar på inntil ein time på grunn av vedlikehaldsarbeid: Måndag til fredag og søndag frå 22.00 til 05.30. Vent på følgjebil. Gjeld til 31. desember.

Apaltunnelen - Sauåstunnelen: Manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid: Måndag til torsdag frå 22:00 til 05:30. Kolonnar tilpassa stenging i Mundalsberg- og Bjørsviktunnelen. Gjeld til 30. desember klokka 05.30. Eikanger - Eknes: Manuell dirigering på grunn av sprengingsarbeid: Måndag til fredag frå 07.00 til 19.00. Gjeld til 30. desember.

Bjørsviktunnelen: Kan bli stengt i periodar på inntil 15 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid: Måndag til fredag frå 07.00 til 16.00. Gjeld til 30. desember.

I tillegg held Statens vegvesen på med arbeid på fylkesveg 570 Andås - Mjangersvågen . Her kan vegen kan bli stengt i periodar på inntil ein time på grunn av vedlikehaldsarbeid: Måndag til torsdag frå 07.00 til 19.00. Rutegåande trafikk og utrykkingskjøretøy kan passere. Gjeld til 1. desember.