– I området er det 20 verksemder som driv med mjølk, og i tillegg er det cirka 40 verksemder som driv med sau og kjøttproduksjon. I kommunar med mykje landbruk, er det uakseptabelt å ikkje ha ein veterinær, skriv Kristine Takvam Sæterdal i ein e-post til Modalen kommune.

Ho ber kommunen om å finna ein ny veterinær som kan dekka området.

– Det seier seg sjølv at veterinær er svært naudsamt for å oppretthalda næringa, avsluttar ho.