NYBYGGET: Nybygget ligg i industri- og næringsområdet mellom bensinstasjonen og byggevarehandelen på Mjåtveit.
EI ÆRE: Meland-ordførar Øyvind Oddekalv var ikkje vanskeleg å be då han fekk tilbod om å klyppa snora.
MILEPÆL: Å flytta inn i eige bygg er ein milepæl både for bedrifta.
HEIL GRIS: Innflyttinga vart feira skikkeleg med blant anna grilling av ein heil gris.

– Me var to personar som starta opp Fours As i 2012. Då leigde me eit kontor på 72 kvadratmeter i Havnevegen på Frekhaug og tenkte at me kom til å ha god plass dei neste 2-3 åra, men før det var gått eitt år var me ni-ti tilsette, seier Fosse og ler.

Veks og veks

I 2013 utvida dei med ei avdeling på Mjåtveitflaten ogi 2015 slo dei seg saman med OTIC AS og K. Lund Offshore Løft og byta namn til Kolos. I dag har selskapet 110 tilsette og to hovudbasar. Ein på Sola og ein på Mjåtveit i Meland.

Avdelinga på Mjåtveit har vakse ut av bygg etter bygg, og no har dei tatt sats og reist eit nybygg på 1200 kvadratmeter. Dei flytta inn onsdag i denne veka, og i går var det klart for innflyttingsfest og høgtideleg opning.

Positivt for kommunen

Meland marknadsførar seg som ein næringsvennleg kommune og ordførar Øyvind Oddekalv var ikkje vanskeleg å be då han fekk tilbod om å klyppa snora.

– Det er ikkje kvar dag me opplever slikt i kommunen, og me er svært glade for at Kolos viser sin tilhørigheit til Meland med dette flotte bygget, sa ordføraren.

I ei tid der mange verksemder i oljenæringa slit, er det ekstra gledeleg med verksemder som satsar.

– De konkurrerer i ein tøff internasjonal marknad, og me er glade for at de vil ha ein av selskapet sine to hovudbasar i Meland, sa ordføraren til tilsette og gjestar på opninga.

Maritim bedrift

Kolos tilbyr produkt og tenester til innan akvakultur, design og sertifisering av skip og offshorekranar, og dei leverer utstyr og sertifiseringstenester til vindmøller og marine operasjonar.

Nybygget ligg i industriområdet mellom byggevarehandelen og bensinstasjonen på Mjåtveit og vert basen for ca 50 tilsette.

– Her er både kontorlokale og ein lager/verkstaddel, fortel Fosse, som rosar både dei tilsette, kommunen og entreprenøren HTB for god innsats.

Gode på dugnad

– Me har opplevd kommunen som imøtekommande og positiv, entreprenøren har gjort ein god jobb og dei tilsette har stilt opp og gjort ein god del arbeid på dugnad. Me har heile tida hatt ein dugnadskultur og tilsette som stiller opp når det trengst, seier Fosse.

Nybygget er reist i eit myrområde med Mjåtveittjørnet som nærmaste nabo, og grunnarbeidet har vore krevjande. Dei tilsette har stilt opp på dugnad for at resultatet skulle bli bra både ute og inne.

– Me har gjort både litt oppryddingsarbeid ute og malararbeid inne på dugnad, fortel Fosse.

På innflyttingsfesten feira dei med sjømatkanapear, marsipankake med bilde av bygget, god drikke og heilsteikt gris på grillen.