Visste du at kvar dag, heile året publiserer Strilen om lag ti saker på nett? No legg vi om fleire av dei tekniske systema vi brukar til dette, og dessutan systema som blir brukte til å halde oversikt over abonnentane våre.

I samband med omleggingane kjem vi til å opne sakene våre for alle, medan teknikarane våre jobbar på spreng. Arbeidet vil venteleg ta ei veke.

Frå fredag 1. mars til fredag 8. mars kan altså også du som førebels ikkje er Strilen-abonnent, lese alle sakene vi publiserer. I same periode vil det ikkje vere mogleg for abonnentar å logge seg inn på "Min side" for:

  • å gjere adresseendring

  • endring i abonnement

  • endring i betaling

Dersom du treng å gjere endringar eller har spørsmål knytte til ditt abonnement, kan du kontakte kundesenteret vårt her eller på telefon 56 91 37 70.