Vest politidistrikt melde etter klokka 1430 laurdag ettermiddag at ein bil hadde hamna utfor vegen på E39 ved Romarheim i Lindås. Nødetatar rykte straks ut til staden.

Det var to personar i bilen.

– Ein av dei involverte klager over smerter i ryggen. Store materielle skadar på bilen, opplyste politiet klokka 15.25. På det tidspunktet var det redusert framkomme på staden.

Bilbergar er rekvirert.

Etter litt att og fram bekrefta politiet at ulykka skjedde på Romarheim – og ikkje Ostereidet, slik dei først melde.