– Dei som er i område utsett for sørleg vind vil merke det godt. Det er lurt å ta atterhald, seier Lars Andreas Selberg, vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

– Lettare ting kan fly rundt og viss ein har tenkt seg over fjellet burde ein kanskje tenke seg om ein gang til.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for heile Vestlandet sør for Stad. Eit kraftig lågtrykk, som kjem frå vest, gjer at dei forventar middelvind opp i liten storm og vindkast på 25 til 35 meter i sekundet i utsette strøk.

Vinden er forventa å auke frå og med klokka 18 laurdag kveld, og den vil ikkje gi seg før tidleg søndag morgon.

– Vinden kjem først ytst på kysten, før den trekker seg innover landet. Vindtoppen på kysten ser ut til å komme natt til søndag, då det går opp i liten storm rundt klokken eitt, men det vil blåse veldig godt heilt frå klokka seks på laurdag, seier meteorolog Selberg.

I første omgang blåser vinden frå søraust, før den dreier seg mot sørvest utover natta. Og sjølv om vinden avtar søndag morgon blir det ikkje stille lenge.

– Det kjem ei ny auke igjen søndag ettermiddag, men den er ikkje fullt like kraftig. Utover kvelden ser det ut til å kunne auke til kuling igjen utsette stader, seier Selberg.