Onsdag ettermiddag blei det registrert oljesøl i Sløvågen.

– Vi er veldig leie oss for det som har skjedd. Vi kjem til å granske det internt, men først må vi rydde opp, seier konsernsjef Irene Kjelby Wergeland til Porten, som først omtalte saka.

Verksemda vil granske hendinga torsdag, men situasjonen er, slik Wergeland erfarer, under kontroll.

Lensmann Kjell-Idar Vangberg seier til Strilen torsdag at politiet har oppretta sak og vil etterforske saka.

Her ser du at dei forsøker å ordne opp i oljesølet. Foto: Innsendt

Overfylling av tank

Brannsjef i Gulen og Masfjorden, Sigvald Kvinge, seier at årsaka til ulykka skal vere eit uhell med overfylling av ein tank hos Wergeland-Halsvik AS.

– Det er slept noko oljehaldig avfall på sjøen. Dette skal i utgangspunktet vere eit ufarleg oljeprodukt, men verksemda må gjere noko med det, og held på å ordne opp, seier Kvinge til Porten.

Det var både lenser og sugebilar på staden for å få opp oljen.