– Mai var kaldare enn april fleire stader i landet. I Bergen skjedde dette sist i 1894, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt i ei pressemelding.

Månadstemperaturen for heile landet i mai låg 0,3 grader under normalen. Det var også den fjerde våtaste maimånad sidan 1900-talet.

Sprikande prognosar

Men mai er over, og juni har starta. Så korleis blir vêret denne veka?

– Det er ikkje så heilt enkelt å vite akkurat no, ler meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt.

– Det er veldig variabelt vêr og usikre prognosar. Eg er nesten ikkje sikker på korleis vêret i dag blir ein gong, legg ho til.

Slik prognosane er no, ser det ut til at tysdag startar grått, for å så betre seg noko. Truleg kan det bli periodar med sol på ettermiddagen.

Så kjem nedbøren.

– Det blir ganske vått natt til onsdag. Så blir det opphald frå onsdag ettermiddag, fortel Seter og legg til at blir mykje skyar.

Kan bli 25 grader

Men så kjem gladmeldinga - kanskje.

– Torsdag ser ut til å bli veldig varm. Det er eit lågtrykk som tar med seg veldig mykje varm luft frå sør, seier ho og held fram:

– Men det er usikkert kor langt nord nedbøren vil kome, og om det vil stoppe i Rogaland eller om det vil bli drege med over til Hordaland.

– Men det blir rundt 25 grader?

–Prognosane spriker litt der også, men eg trur det lett blir 25 grader torsdag. Om det ikkje kjem nedbør, blir det sikkert meir enn det også.

– Korleis ser det ut mot helga, då?

– Då er det endå meir usikkert. Når lågtrykket på torsdag trekkjer seg unna, så får vi litt kjøligare luft igjen. Det blir ikkje kaldt, men meir normale temperaturar.

– Så ingen sommar i sikte?

– Nei, vi ser ikkje noko langvarig finvêr, fortel Seter.