Kva syntest du om endringane i kollektivtrafikken: Har du innspel, tips eller innlegg du vil dela om mobilbillett, prisnivå, komforten i bussane, ruteendringar - eller kva som helst?

Del med oss! Kontakt oss på Facebook eller send oss ein mail til desk@strilen.no

Nye bussar og ruteendringar

16. august er den store elddåpen for Nettbuss. Då overtar dei ansvaret for busstransporten i Nordhordland etter Nobina, som har hatt anbodet dei siste ni åra.

Datoen markerer ein del større og mindre endringar for kollektivreisande i regionen. Blant anna får mange bussar nye linjenummer i tillegg til at bybussane skal gå til og frå Fløyfjellstunnelen.

Totalt er det 84 splitter nye Iveco-bussar som rullar ut på dei lokale vegane i desse dagar. Trykk her for å sjå korleis dei ser ut.

– Me skal opp til eksamen første skuledag. Det er den dagen i året flest menneske reiser kollektivt, så det er ei skikkeleg utfordring. Heldigvis har me mykje erfaring og dyktige sjåførar. Dette skal me klara, seier Øystein Gullaksen, regiondirektør i Nettbuss Vest.

Foto: Nettbuss

Mobilbillett

Allereie frå 1. august skjedde det store endringar for kollektivtrafikken i fylket. Då blei den nye sonestrukturen etablert, der ein gjekk ned frå 470 til 7 soner. Ikkje berre blir det billigare reiser, ein kan også betala bussturen med mobilbillett i heile fylket.

Ein enkeltbillett innom Alver-kommunane, Austrheim og Bergen kostar no til dømes 37 kroner. Sjå fleire priseksempel i saka vår om at kollektivtrafikken no blir billigare.

Her er hovudendringane/-momenta som gjeld frå 1. august (Skyss):

  • Nye sonegrenser og prisar ved passering av fleire soner.

  • Mobilbillett kan nyttast i heile fylket.

  • Sone Bergen blir større og skal heita Sone A.

  • Ombord-tillegget vil gjelda i heile Sone A ved kontantkjøp av enkeltbillett om bord.

  • Enkeltbillett vil vera gyldig i 90 minutt innanfor ei sone.

Linjekart over Nordhordland. Kartet viser ikkje absolutt alle linjer. Foto: Skyss

Sidestiller strilebussane

Ein annan ting som blir litt nytt, er at bussane frå Nordhordland til og frå Bergen no blir sidestilte med korleis systemet er med bybussane. Då blir det slik at reisande kan gå av og på, på alle busstopp som bussen har stopp på.

Dermed kan også NHH-studentar og andre ta i bruk bybussen viss dei har tenkt seg inn til sentrum. Vel og merka «sentrum» som i Bergen busstasjon, ettersom både linje 300 og linje 300E (bybussane til og frå Nordhordland) kjører via Fløyfjellstunnelen. Dette er ei endring som er omdiskutert i fleire kommentarfelt, men Skyss har blant anna svart med at fleire har ønskt endringa velkommen og at ein ønsker å få ned talet på bussar i sentrum.