17 år gamle Serlina frå Frekhaug har i år vore deltakar i TV 2 sitt program The Stream og var blant dei 15 siste i konkurransen, kor ni artistar fekk platekontrakt.

Ikkje berre har du sett ho på tv, men no er ho å finne på VG-lista, i tillegg til at ho er hyppig streama på Spotify, faktisk over ein million gangar.

I slutten av september slapp ho singelen «Superhelt» saman med rapparduoen Erik og Kriss.

På VG-lista ligg songen «Målløs» som ho syng saman med Skei og PT. Dei to sistnemte gjekk vidare til finalen i The Stream og har fått platekontrakt.