Då «halve Noreg» stengde ned, måtte paret på Radøy slutta å arrangera raspeball- og kafédagar på Hella skulestove. Dermed mista hjelpeorganisasjonen Håp og framtid ei viktig inntektskjelde, samtidig som hjelpebehovet i Sør-Moldova auka.

Moldova valde, som mange andre land, å stengja ned skular for å avgrensa spreiinga av koronaviruset.

Omsorgsenteret, som Håp og framtid driv, måtte også stengja.

For at brukarane av senteret framleis skulle få eit varmt måltid om dagen, måtte organisasjonen levera maten heim til folk og behovet for mat, hygieneartiklar og medisinar vart dobla.

Takka vera pengar som er samla inn i Nordhordland har Steinar og Helen Vågenes fått glede av å hjelpa mange barn. Her er dei saman med ti år gamle Sandu. Han kunne ikkje kunne gå utan ein omfattande operasjon, og fekk denne operasjonen etter at inntekta av haustdagen på Hordabø skule gjorde det mogleg. Foto: Privat

Dyrt å bli sjuk

– Folk våga ikkje gå ut av frykt for å bli smitta. Helsevesenet i Moldova er svært dårleg. Dersom nokon må på sjukehuset må dei sjølve betala for det, og det har dei færraste råd til, fortel Steinar.

For at sjukehuset i byen Cahul skulle vera best mogleg rusta til å takla koronapandemien, leverte Håp og framtid smittevernutstyr til dei.

Støtte som varmar

Midt i ei tøff tid, både her heime og i Moldova, opplevde Steinar og Helen at dei faste gjevarane hugsa på organisasjonen og heldt fram med å gje pengar.

Etter at Helen la ut to innlegg på Facebook, der dei fortalde om stoda i Moldova, kom det også inn ekstra midlar. Takka vera gåvene har dei både klart å møta utfordringane som skuldast korona, og å dekka dei faste utgiftene organisasjonen har til arbeidet sitt.

Pengar som organisasjonen Håp og framtid har samla inn i Nordhordland er blant anna blitt brukt til å kjøpa inn hygieneartiklar slik at sjukehuset i Cahul kan avgrensa koronasmitte. Foto: Privat
Handsprit, hanskar og munnbind som organisasjonen har kjøpt inn til sjukehuset. Foto: Privat

Sjukepleiar døydde

Så langt har det berre vore eit korona-relatert dødsfall i det området der dei driv hjelpearbeid. Personen som døydde var ein sjukepleiar, som hadde jobba samanhengande ved sjukehuset i Cahul i fleire døgn.

Sist paret sende ut ei løypemelding til alle Nordhordlandingar som støttar organisasjonen, fortalde dei at dei samla inn pengar til å kjøpa eit hus og ein eigedom like ved omsorgssenteret for å kunna utvida tilbodet.

Det kom inn nok pengar til å kjøpa huset, men på grunn av koronapandemien måtte overtakinga utsetjast.

Arrangerer dagleirar

Sidan skular, barnehagar og omsorgsenteret har vore stengde, har det vore vanskeleg for organisasjonen å nå ut til dei mest utsette familiane. Men i august håpar dei å kunna arrangera dagleirar for å gje barn eit pusterom frå elendet.

– Det er ei utfordring å få det til med alle smitteverntiltaka. Men den lokale leiarflokken er fantastiske til å planleggja og organisera. Dei taklar det meste, skriv Steinar og Helen i ei sommarhelsing til Strilen.

Dei sender ei stor takk til alle som hjelper dei vanskeligstilte familiar i Sør Moldova til ei betre framtid.

Raspeballar frå september

Slik smittesituasjonen i Noreg har utvikla seg i seinare tid, håpar Steinar og Helen at dei snart kan ta opp igjen dei faste raspeballemiddagane på Hella.

– Målet vårt er å starta opp at me det i september, seier Steinar, som håpar på godt oppmøte.