Smittevernkontoret i Bergen oppfordrar alle som har vore på desse stadene om å følge ekstra godt med på symptomar som kan vere koronasmitte. (Er du usikker bør du teste deg, melder Bergen kommune):

  • Utestadane Kvarteret og Lille på fredag 14. august i tidsrommet mellom klokka 21.00 – 00.30.

  • Fotballpuben fredag 14. august i tidsrommet 22.00 – 23.00.

  • Deltakarar på fadderarrangementet på Forum scene 15. august, som sat i bakre del av salen.

  • Ricks 15. august i tidsrommet frå klokka 22.00 til stengetid, samt dei som jobba i baren på Ricks i denne perioden.

Bakgrunnen er eit smitteutbrot blant studentar i Bergen.

– Vi har no totalt elleve personer med bekrefta smitte i samband med utbrotet. Det er fleire av desse som har vore på festar og utestadar utanom faddergruppa, så det kan ha spreidd seg også lokalt i kommunen. Smittevernkontoret jobbar no aktivt med smitteoppsporinga til dei fire nye på listen, seier Karina Koller Løland, smittevernoverlege i Bergen kommune.

Det er spesielt i gruppa unge menneske mellom 20 og 30 år at det dei siste dagane er registrert auka smittespreiing i Bergen.

– Når ungdom festar saman er det vanskeleg å halde nødvendig avstand og i den perioden vi no er inne i, må vi unngå å vere saman med mange forskjellige menneske i ulike samanhengar. Det kan gi auka risiko for smittespreiing og gjer det også vanskeleg med smittesporing, seier Koller Løland.