– Me ynskjer å nå ut med informasjon til dei som vert råka av krisa og som har behov for Nav sine tenester. Dei som er smitta eller som må isolerast på grunn av koronaviruset kan ha behov for sjukemelding. Koronaviruset får også konsekvensar for verksemder. Dette vil føra til at bedrifter må permittera tilsette, seier Jane Britt Daae, leiar i Nav Nordhordland, i ei pressemelding.

Nye reglar ved permittering

Korona-sitasjonen utfordrar den økonomiske situasjonen for mange. Regjeringa føreslo fredag nye reglar som skal hindre at bedrifta må gå til oppseiingar:

  • Perioden verksemdene (lønnsplikta) må betale for permitteringar vert kutta fra 15 til 2 dagar. Resten vert dekka av staten

  • Ein får rett til dagpengar dersom 40 prosent av arbeidstida vert  reduserast (mot 50 prosent i dag)

  • Staten tar rekninga for dei tre ventedagane i overgangen frå permittering til dagpengar, dvs at dei er oppheva

NAV – kontora vert stengte for fysisk oppmøte

Offentlege etatar med mykje folk blir stengt av, som følgje av koronaviruset. Dette gjeld ogspå Nav i Nordhordland.

– NAV har mange besøkjande med kroniske sjukdomar og mange har dei siste vekene vegra seg for å møte opp i lokale med mykje folk. Me har derfor etablert andre kontaktflater enn fysisk oppmøte, og det er i gong fleire kontakttelefonar som for økonomisk sosialhjelp og for andre som ikkje på same måte kan nyttiggjera seg dei ordinere kontaktflatene, står det i pressemeldinga

Nav har ein samfunnskritisk funksjon med å halde utbetalingar i gong og kunne gje krisehjelp til mat, medisinar eller bustad.

– Situasjonen råkar alle og kan endrar seg dramatisk dag for dag, så vi må rigge drifta slik at vi kan halde dette i gong i lang tid framover.

Kan kontakte Nav digitalt

– No når heile samfunnet legg band på kor me kan bevege oss og mange vil komme i karantene, er dei digitale løysningane på nav.no og arbeidsplassen.no gull verd. For dei fleste permitterte er det enkelt og fort gjort å søkje på nett. Treng ein rettleiing kan ein bruke «Ditt Nav» eller ringe 55 55 33 33. Bedrifter kan ringje 55 55 33 36.

– På nav.no er det oppretta ei samleside med viktig informasjon i samband med koronaviruset. Her står mykje nyttig om NAV-tenester og koronavirus.