Ein fredagskveld i slutten av august i fjor var ein mann frå Alver på køyretur i Bergen. Rett før klokka 23 blei han stoppa av politiet. Det viste seg at han var påverka av THC, eit verkestoff ein finn i cannabis-produkt som til dømes hasj og marihuana.

Graden av påverknad svarer til ein promille høgare enn 1,2.

Saka mot mannen var nyleg oppe i Bergen tingrett, der han erkjente forholdet.

Retten meinte at det i dette høvet ikkje var nokon konkret fare eller uhell, men at det å køyre når ein er påverka av rus i seg sjølv er ein stor fare for trafikktryggleiken.

Dei viser til at mannen køyrde ein lengre strekning, og at køyreturen lett kunne fått alvorlege følger.

Mannen blei dømt til fengsel utan vilkår i 16 dagar. Han må betale ei bot på 20.000 kroner og må klare seg utan førarkort i to år.

Mannen erklærte at han tok områdingstid og han kan anke dommen.