Klokka 12.44 tysdag ettermiddag fekk politiet melding om ein båt som låg opp ned i Seimsfjorden.

Ingen er sakna

Alle nødetatar var på staden og det gjekk føre seg søk koordinert av Hovudredningssentralen.

– Vi fekk melding om ein drivande båt, utan personar i. Det er ingen indikasjoner på at nokon er sakna, men vi søker for vere sikre på at det ikkje er personar i sjøen, seier vakthavande redningsleiar Børge Galta ved Hovudredningssentralen til Strilen klokka 14.10.

Klokka 14.23 melde politiet at redningsoppdraget er avslutta.

– Det er søkt med store ressursar i området med blant anna helikopter, dykkarar, båtar, samt personell på land. Det er ikkje gjort funn i området. Det er ikkje komme meldingar til politiet om saknede personar i området. Redningsoppdraget er no avslutta, melder politiet.

Båten som blei observert blei tatt hand om, og tatt opp på land.

– Den er dessverre ikkje merka, så vi veit ikkje noko om eigar. Det har vore mykje vind og høg sjø dei siste dagane. Det er ikkje utenkeleg at båten har slitt seg, seier Galta.

Han oppmodar alle båteigarar om å merke båtane sine.

Eit helikopter og fleire båtar søkte i området. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Alle nødetatar på plass

Det blei søkt med båt, strandsøk, samt søk med helikopter i området.

– Vi fekk melding via politiet og har mannskap på plass på staden, saman med dei andre nødetatane. Det er ein større aksjon som blir koordinert av Hovudredningssentralen, seier vaktkommandør Christer Skei ved 110-sentralen i Hordaland til Strilen.

Strilen sin journalist på staden melde om at det var minst tre båtar som søkte, samt helikopter i lufta.

– Det er mogleg at ein person har fått båten på land, men vi jobbar med å få klarheit i dette.Det er også mogleg at personen som blei observert i sjøen har komme seg på land, melde politiet.