For fjerde dag på rad melder naudetatane om ei trafikkulykke på den grøne øya.
Singelulykke
Naudetatane rykte i 17.50-tida torsdag ut til Vågenes på Radøy, kor det var meldt om ei trafikkulykke.
– Redusert framkomme på grunn av trafikkuhell. Bil med hengar har kjørt av vegen. Hengaren står delvis i vegen, opplyser vegtrafikksentralen.
Ein tipsar melde inn til Strilen om at bilen ikkje hadde hengar med seg, men at bilen kan ha kjørt i ein hengar som stod langs vegen.
Ein lege kom etter kvart til på ulykkesstaden.
– Førar er ute av bilen, verkar oppegåande, opplyste politiet.
Ei stund etterpå melder politiet at føraren er kjørt til traumemottaket på Haukeland sjukehus.
Fleire utforkjøringar på Radøy
Mange ulykker
Det har vore mange trafikkuhell i regionen vår dei siste dagane, spesielt på Radøy og i Gulen.
Både tysdag og onsdag var det trafikkuhell på fylkesveg 565 i nærleiken av Olsvollstranda.
Før det igjen, måndag og natt til tysdag, var det ulykker på Vetås- og Radøyvegen.
Det har også vore alvorlege ulykker i Gulen, blant anna med ein minibuss som frontkolliderte med ein personbil. Torsdag morgon hamna ein bil på taket i Leversund.
Torsdag formiddag var det ei utforkjøring på E39 i Lindås ved Mundalsbergtunnelen.