IKKJE HER: Eikanger skule skal erstattast av nybygg, men kvar?

I alle fall er det stoda før formannskapet torsdag 24. november skal ta stilling til tomtevalet for ein ny barneskule som erstatning for dei eksisterande bygningane på høvesvis Kløvheim (37 elevar i dag) og Eikanger (78 elevar i dag).

Rådmannen rår til å gå vidare med desse fire, i uprioritert rekkefølgje: Kløvheim, Revhaugane/Kolhøyen, Liavatnet og Fyllingsnes.

Saka kjem opp i formannskapet torsdag 24. november, som denne dagen skal ha sitt møte i Western Geco-bygget som kommunen no har kjøpt. Bygget har ikkje fått nytt namn enno, og heiter i sakspapira «det nye bygget».

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd, før desse utvalde alternativa skal utgreiast nærare.

Vil ha skulen

Foreldrearbeidsutvala (FAU) ved begge skulane har sendt innspel til kvar skulen bør ligga, og ikkje overraskande argumenterer begge utvala for at nyeskulen bør leggast til nettopp deira krins.

At dei to krinsane som skal slåast saman ligg i den gjeldande kommunedelplan for skule. Kommunestyret gjorde den gongen vedtak med ei stemmes overvekt om at begge krinsane skulle vurderast som lokalitet for den nye skulen (16 stemmer), medan dei andre femten gjekk inn for at skulen skulle ligga i Eikanger-krinsen.

Prosjektet «Ny skule Eikanger/Kløvheim» er lagt inn i økonomiplanen for perioden 2016 – 2019, med oppstart i 2019. ## Konsulentar

Konsulentfirmaet Rambøll har vurdert ulike tomter utifrå kriteria: Kvar folk bur, folketalsprognosar, gang— og sykkelvegar, tilgjenge, avstand til hovudveg, topografi og soltilhøve. Etter å ha sett på 21 alternativ har Rambøll skjerpa dette inn til sju, med anbefaling for dei tre alternativa: Revhaugane/Kolhøyen, Liavatnet og Fyllingsnes. Administrasjonen har så teke inn att Kløvheim, som også var med mellom dei sju som overlevde første runde.

Plass på Kløvheim…

FAU Kløvheim meiner at ny skule bør plasserast på eksisterande skuletomt på Kløvheim, som påbygg til eksisterande skule. Tomta er regulert til formålet, noko som FAU Kløvheim meiner vil gjera ei utbygging der kostnads- og tidseffektivt.

Dei peikar også på at det er to ferdig regulerte byggefelt tett på Kløvheim skule.

FAU Kløvheim argumenterer vidare for at dei foreldra på Eikanger som jobbar på Mongstad køyrer forbi Kløvheim skule på veg til jobb. I tillegg er det barnehage på Kløvheim, som og er i bruk av busette på Eikanger.

Og dei argumenterer med at dersom skulen vert lagt på Eikanger vil dei fleste elevane frå Kløvheim få Myking som nærskule.

…og i Eikanger-bygda

FAU Eikanger ønskjer ein skule på Eikanger. Dei peikar på at Eikanger er ei bygd og ein skule i jamn og god vekst, kor det er attraktivt å busetja seg. Dei finn det naturleg med skule der hovudtyngda av elevane bur, og kor flest mogleg kan gå/sykla til skulen og til fritidstilbod. Dei peikar i tillegg på at Eikanger er ein naturleg gjennomfartsstad – plasseringa følgjer eit naturleg køyremønster for mange.

FAU Eikanger peikar på at nærskuleprinsippet må gje føringar i høve til val av tomt. Ved felles skule på Kløvheim vil 80-90 % av elevane på Eikanger skule vil ha Leiknes og

Ostereidet som nærskule. Ved skule på Høyland vil elevar frå Fyllingsnes få Leiknes som nærskule. Ved dette alternativet vil dei fleste elevane få ein 3-5 km lang skuleveg, som i tillegg er vanskeleg og farleg, argumenterer FAU på Eikanger.