RETT TIL KUNDANE: Leif Bognøy, dagleg leiar, let kunde Berta Vallestad velja torskerogna ho vil ha.
– ALLTID GOD FISK: – Her er det alltid god fisk, seier Ørjan Nygaard frå Lerøy Alfheim. Han hentar fisk i Bøvågen tre gonger i veka.
KRANGLEKREPS: Yngve Nøttveit lirkar sjøkreps forsiktig ut av dei individuelle transporthòlane sine. Dei er ikkje kjende for godt naboskap.
HAI: Pigghå er bifangst, men god mat og hamnar nok på middagsbordet via Mathallen i byn.
ST. PETERSFISK: Denne fisken har vorte meir vanleg i norske farvatn nord til Trøndelag.
STÅR PÅ EIGNE BEIN: Knurren et smådyr på botna og spaserer innpå byttet med nokre av finnestrålane som har vorte til bein. Får du han i båten, "knurrar" han. Lyden kjem av rumling frå symjeblæra.
BLEIKING: Blekksprutane går rett til restaurantane.
GLEFS: Lysingen er ein heftig rovfisk i torskefamilien med mild sødmefylt smak, kvitt, fast fiskekjøtt med flakestruktur, ifølgje Norsk sjømatsenter.

Inn den raude døra på fiskemottaket på kaien i Bøvågen finn du no fiskebutikken til Leif Bognøy og Nina Lilletvedt i Nordhordland fisk. I dag er det Yngve Nøttveit som står til kassa, innimellom anna arbeid, og kundane kjem jamt og trutt.

Dette er første gang eg er innom, men det vert ikkje den siste.

– Du ser kva du får

– Dette er første gang eg er innom, men det vert ikkje den siste, seier Borghild Mjøs.

I dag har ho blant anna sikra seg torskerogn til middag.

– Det er veldig kjekt at det går an å komma her og kjøpa fersk fisk. Du får sjå fisken, så du veit kva du får. Dyrt er det heller ikkje, seier ho.

Ope fast annakvar dag

Fiskedisken opna for første gang i desember og har faste opningstider mandag, onsdag og fredag frå 12 — 16. – Me er ofte open resten av veka, også, så lenge det er folk og fisk på mottaket, seier Yngve.

Frå midten av mars, vil det vera dottera til Leif, Lene Bognøy, som skal stå bak disken. Fram til då, sjonglerer Leif, Nina og Yngve mottak, veging, pakking og levering av fisk med kundane som stikk innom.

– Det går bra. Me prioriterer kundane, seier Nina.

Pakkar middagen klar

Mange bestiller det dei vil ha på førehand. Då ligger fisken klar når dei kjem.

– Ofte bestiller folk fisk til eit par middagar, før dei legg inn ny bestilling. Slik får dei fersk vare heile veka, seier Leif.

Ei prisliste heng like ved inngangsdøra, elles er det jo berre til å sjå seg omkring etter kva som har komme inn opninga i veggen på motsatt side av bygget.

Breitt utval frå havet

Når Strilen er innom, har det vore uvêr og Leif er ikkje heilt nøgd med utvalet. Det er likevel mykje å velja mellom. I kassane finn han fram torsk, hyse, sei, lysing, sjøkreps, blekksprut, krabbe, knurr og meir. Nyleg fekk dei inn ein sjeldan sølvkveite. Alt fiskarane har fått opp, er med til mottaket. Så er det opp til kundane å velja.

– Krabben skal til torget. Blekkspruten vert restaurantmat, seier Leif.

Siste innan fish & chips

Han fortel at knurr er det siste innan fish & chips, ifølgje dei på Kjøttbasaren.

– Knurren smakar litt som krabbe, når dei brukar ho slik. Dei er flinke til å ta i bruk fangsten på nye måtar, seier han og myser nøgd mot sola som har komme fram.

– No er det endeleg vêrmelding til at båtane kjem seg vestom landet, att, så då vert det meir som kjem inn.

Nordhordland fisk har måtta gjera endringer i drifta etter at Enghav gjekk konkurs i oktober. Men, Leif kjenner farvatna, har bretta opp erma og køyrer selskapet vidare i nytt spor.

Godt for næring og folkehelse

Fiskedisken var påtenkt lenge før Enghav-konkursen. Den er eit ekstra tilbod for handlande som tek turen til Bøvågen, men kan også verta ein god måte å få inn litt ekstra margin på fangsten som passerer gjennom fiskemottaket, fortel Leif. Ikkje minst, kan tilbodet om fersk fisk gjera godt for folkehelsa. Ein flittig kunde fortel Strilen at han har gått frå å eta frossen fisk to gonger i veka, til å eta fersk fisk fem gonger i veka.