Titt og ofte kan du lese om svindelsaker i media. Det er ikkje forutan grunn.

Hos Sparebanken Vest har talet på svindelsaker tredobla seg i løpet av to år. SMS-ar eller oppringingar er to av dei meir vanlege svindelformane, og trass i mange åtvaringar er det fleire som blir lurt.

– Ofte dreier det seg om noko som ein akkurat har halde på med. For eksempel om du har lagt igjen ein kommentar på ein falsk konkurranse på Facebook eller nettopp har omregistrert ein bil. Om Biltilsynet ringer deg då, er det lett for å tru at det er ekte, seier banksjef hos Sparebanken Vest i Knarvik, Merete Yndestad, i ei pressemelding.

Ofte prøver svindlarane å stresse personen som skal bli lurt.

– Vent til du er på ein roleg plass, der du kan lese SMS-en i ro og mak. Dersom du blir ringt opp – legg på og ring det offisielle nummeret til den som gjev seg ut for å ha ringt, for å sjekke om saka er reell. Det er aldri noko som hastar så mykje at du må svare på raude rappen.

Yndestad legg til at ein bør kontakte banken sin med ein gong ein oppdagar noko mistenkeleg.

Her er fem tips frå banken korleis du unngår å bli svindla:

  1. Aldri gje bank-ID, nettbankpassord eller andre personlege passord til nokon – sjølv ikkje til folk du stolar på.

  2. Sjekk skrivefeil. Svindlarane skriv godt, men som regel kjem dei ikkje utanom rare teikn og formuleringar i teksten likevel.

  3. Har du fått eit tilbod om å tene pengar nesten utan å løfte ein finger? Svært få gjev vekk pengar utan ein baktanke – dette verkar mistenkeleg.

  4. Ikkje få panikk om du allereie har trykt på ei lenke. Som oftast er det ikkje det å trykke på lenka i seg sjølv som er ille, men om du legg igjen informasjon etterpå.

  5. Diskuter saka med ein venn, kollega eller eit familiemedlem. Dei kan vere med på å bekrefte ei dårleg magekjensle.

Flest unge svindla på nett

26,6 prosent av befolkninga har opplevd å bli svindla for pengar på internett.

Det er flest i aldersgruppa 18–34 som har opplevd det, melde Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) nyleg.

I førre veke melde politiet i Agder at fleire personar hadde fått kontoen tappa for fleire tusen kroner. Framgangsmåten skal ha vore at personane blei kontakta av nokon som hevda at deira ID var hacka. Dei blei så bedne om å ringe tilbake på eit dyrt betalingsnummer.

– Enkelte har oppgitt kontaktinfo og er tappa for fleire titals tusen kroner frå konto, melde politiet.