På laurdag hadde dei tilsette på Studio Nor kledd seg ut. Foto: Privat
Dette fine kortet fekk Signe. Foto: Privat

Då Studio Nor hadde medlemmenes dag på laurdag fekk Signe Carlsen seg ein gledeleg overrasking. Ho blei nemleg kåra til Årets medlem.

I kortet ho fekk sto det: "Signe er ei tøff og fargerik dame som aldri sluttar å imponere. Ho står solid planta på jorda og har slutta å bry seg om kva andre måtte meine. Signe er ein livsnytar som tar godt vare på seg sjølv. Ho trur på draumane sine og lever dei ut til det fulle når anledninga byr seg. Ho har ein vilje av stål, noko ho mellom anna viste på sykkelturen til Sicilia i 2014 (her kommenterar Signe sjølv: Aldri igjen!). Ho er den første til å melde seg på nye turar og er ein fryd å reise saman med."

— Ho har ei vilje av stål og ho trur på draumen sin, seier Elisabeth Myhr som driv treningsstudioet saman med Tine Samdal Olsen.

Signe viser villig fram kortet sitt med ein helsing frå dei tilsette.

— Kvart år velgjer vi eit medlem. Signe spreiar om seg med glede og ho er ikkje rett for å prøve nye ting. Ho blei veldig rørt. Det var både tårar og latter, seier Elisabeth.