Like før klokka 18 onsdag rykte lokalt brannvern ut etter melding om flammer frå eit hus i Vabøvegen i Lindås.

– Vi fekk melding om at det var røyk frå skorstein, men det viser seg at det brenn i stovetaket, sa vaktkommandør Ronald Drotningsvik på 110-sentralen til Strilen rundt klokka 18.

Det blei meldt om opne flammar frå innringar, men brannmannskapet fekk kontroll relativt raskt.

– Vi kom heldigvis tidleg til staden. Det ser ut til at lokalt brannvern vil ordne opp, så brannen ikkje spreier seg.

110-sentralen melde 18.05 at brannen, som var mellom etasjane, er sløkt.