SISTE: Status er at reserveferja skal vera på plass og begynna å gå i ruta til Melderskin frå klokka 17.15 i dag. Etter ruta vil den gå frå Leirvåg.

Reiarlaget Norled melder klokka 07.45 om stopp av ferjedrifta i sambandet over Fensfjorden, og at det vert sett inn skyssbåt som erstatning for ferje frå avgangen 07.50.

Men denne båten hadde anna oppdrag på føremiddagen, og neste skyssbåt er ikkje på plass før avgangen frå Sløvåg klokka 12.45.

Stoppen skuldast svikt på ein hjelpemotor, og driftsleiar i Norled Inge Andre Utåker seier at det kan ta lang tid før sambandet er i drift igjen.

– Me bemannar no reserveferja Bjørnefjord, for å segla den nordover frå Sunnhordland. I tillegg ser me på om det er mogleg å reparera hjelpemotoren på MF Melderskin. Men det vil nok gå mange timar uansett, seier Utåker.

Omkjøring for dei som må ha bil med seg er via kabelferja Duesund - Masfjordnes, eller å kjøra inn til Matre og E39.