Den 16 år gamle guten som vart skadd etter ei ulykke med fyrverkeri, blei operert onsdag kveld. Guten mista handa i ulykka.

– Operasjonen har gått bra. Han er ikkje livstruande skadd, men vil ha det med seg heile livet. Det er store skadar i armen, seier lensmann Kjell-Idar Vanberg i Norhordland lensmannskontor.

Full utrykning

Alle tre naudetatane rykte onsdag kveld ut til ein privat bustad i Meland etter at dei hadde fått ein telefon om ei sprengningsulykke.

– Ein ung gut er alvorleg skadd og frakta til sjukehus. Ulykka skuldast truleg fyrverkeri, seier Lars Geitle i Vest politidistrikt til Strilen i 19-tida onsdag.

Politiet blei varsla om hendinga klokka 17.35 onsdag.

SPERRA AV: Både brannvesen, helsepersonell og politi var på staden. Foto: Marius Villanger/Villanger Media

Fyrverkeri er årsaka

Ulykka skal ha skjedd på terassen til 16-åringen. Han var saman med ei 16 år gamal jente då ulykka skjedde. Ho ringde inn ulykka, ifølgje politiet.

– Me rykte ut til ei hending med bruk av fyrverkeri som har gått av, seier vakthavande brannmann i Nordhorland brann og redning, Ståle Hauge.

Lensmann Vangberg seier at det var eit fyrverkeribatteri som ikkje var ferdig som var årsaka.

– Batteriet har vært brukt før, men det var ikkje ferdig. Så har det, etter det vi kan sjå, blitt eksperimentert og etterpå blitt tent på. Då skjedde ulykka.

Skal etterforske hendinga

Politiet har oppretta ei sak på hendinga. Eit større område rundt ulukkesstaden vart onsdag kveld sperra av.

– Det er for at naudetatane skal få jobbe i fred, fortel innsatsleiar Rune Vedeler til Strilen sin journalist på staden.

Politiet tok onsdag kveld avhør av personar for å finne ut kva som har skjedd.

VIL HA OVERSIKT: Innsatsleiar Rune Vedeler vil ha full oversikt over kva som har skjedd. Foto: Marius Villanger/Villanger Media