Håvard vil fly veteranfly gjennom 19 land

Håvard Dale og Kim-Andre Vågene håpar dei skal bli første norske team i Vintage Air Rally.

Publisert:

EIN LIDENSKAP: Håvard Dale begynte å fly seglfly som 15-åring og er i dag ein lidenskapeleg pilot. Foto: Privat

  • Anne-Lise Nordpoll
Denne artikkelen er over to år gammel

– Dette er ei oppleving eg har veldig lyst på. For oss som er lidenskapeleg opptatt av å fly er dette ein fantastisk mulegheit til å utfordra seg sjølv og få pressa litt grenser, seier Håvard Dale frå Alversund.

Han er flyteknikar og jobbar til dagleg for CHC helikopter service. Det same gjer Kim-Andre Vågene, som Dale håpar han skal få med seg på eventyret.

Frå Argentina til USA

Vintage Air Rally er eit rally for veteranfly, og neste års rally skal gå gjennom 19 land.

Konkurransen startar frå flyplassen Ushuaia i Argentina den 1. mars og varer til 14. april. Då er planen er at alle flya skal landa under eit stort flystemne i Florida i USA. Totalt skal flya leggja bak seg ei strekning på ca. 9.000 miles, eller omlag 15.000 kilometer.

EIT GODT TEAM: Håvard Dale og Kim-Andre Vågene er kollegaer og venner. – Me er eit godt team, og eg trur det er eit stort pluss at me begge har flyteknisk bakgrunn, seier Dale. Foto: Privat

Fly frå 1953

– Det er eit heilt ukjent område for oss, og det er ei utfordrande rute, spesielt når ein skal fly veteranfly. Dette er fly med ein teknologi som dei fleste opplever som utdatert, men for oss er det akkurat det som gjer dette så artig. Å fly veteranfly krev noko ekstra av deg, seier Dale.

Han har flydd ein god del forskjellige veteranfly, og brukar mykje av fritida si i ein Saab Safir frå 1953.

Det er dette gamle skuleflyet dei to ønskjer å delta i konkurransen med, men om dei får vera med er endå usikkert.

Lagar tv-serie

I denne konkurransen kan du ikkje berre melda deg på. Du kan melda di interesse, men det er ein spesiell utvelgingsprosess der det både er krav til flykunnskap, utstyr og ein del andre ting.

– Det er 15 fly som får vera med, og det skal lagast ein tv-serie om rallyet, som så skal sendast i 120 land neste haust, seier Dale.

Treng heia-gjeng

Han håpar at mange frå Nordhordland vil heia dei fram og dela og lika saker om dei to på nettet. Det at Dale og Vågene klarer å marknadsføra seg sjølv og rallyet aukar nemleg sjansen deira for å få bli med.

Den endelege deltakarlista er ikkje klar før den 1. desember.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ransaka bustad førre veke

  2. – Dette hadde eg aldri sett for meg

  3. Her ønskjer Christel og Kristian å byggja hus, men Fylkesmannen seier nei

  4. «Prioriteringane vert gjort i idrettsplanen – ikkje i spelemiddeltildelinga»

  5. Atle imponerte på stemne

  6. – Eg valde laget nærast familien

  1. Fly
  2. Rally
  3. Argentina
  4. USA
  5. Alversund