– Strev og strev, at dei rette folka no skal vurdera om ubåten skal opp eller ikkje, har vore verd kvart møte, og kvar telefon og epost. Dette er fantastiske nyheiter, seier Reidar Ulvøy når Strilen ringjer for å sjekka blodtrykket på karane som har kjempa for dette i fleire år.

Han fortel at dei i vår faktisk fekk brev frå samferdselsminister Knut Arild Hareide der han takka for innspel og engasjement, og skreiv at han hadde merka seg synspunkta deira.

Meinte bransjen ikkje blei høyrd

Austrheimingen tok for alvor til å engasjera seg i ubåtsaka då han blei langtidssjukemeld for nokre år sidan. Då fekk han betre tid og spurde kollegaene Jan Harry Moldøen og Kåre Tvedt om dei ville vera med på eit framstøyt i saka.

– Både eg og Kåre meinte jo, akkurat som Reidar, at Kystverket var på ville vegar, så me ville gjerne vera med, seier Jan Harry Moldøen.

Med seg på laget fekk dei også Austrheim-ordførar Per Lerøy (Ap), som har mykje teknisk erfaring frå Mongstad. Ifølgje Ulvøy, har han sidan vore deira beste politiske støttespelar.

Med si lange erfaring frå offshore- og subseabransjen, meinte Ulvøy og co at Kystverket og samferdselsdepartementet har altfor lite kunnskap om og tiltru til bransjen.

Men at ekspertutvalet no er på plass, betyr ikkje at Ulvøy og co er ferdige med saka. – Nei, me kjem ikkje til å gi oss før ubåten bryt havoverflata, forsikrar Ulvøy (til høgre). Frå venstre: Jan Harry Moldøen og Kåre Tvedt. Foto: Gunn Berit Wiik

Inviterte seg til Kystverket

Frå første dag jobba dei målretta med å overtyda Kystverket og departementet om at det er heilt kurant å heva ubåten berre den rette ekspertisen får sleppa til.

For å visa prinsippet, laga dei ei skisse av ei spesialdesigna gripeklo som kan løfta ubåten opp frå havbotnen og opp i ei tett subseakorg med full kontroll på ubåten heile vegen opp.

I tillegg snakka dei med ei rekkje folk i offshore- og subseamiljøet som meir enn gjerne stilte seg til disposisjon for saka.

– Dette skal dei ha all honnør for, seier Ulvøy.

Følte dei var på gli

I starten opplevde Ulvøy at Kystverket viste lite interesserte. Men i februar i fjor fekk dei audiens. Med seg hadde dei representantar frå landets fremste ekspertar på subsea-teknologi.

– Me blei godt mottekne og følte dei var litt på gli. Men så kom det fram at dei ikkje har lov å gå aktivt inn i slike alliansar fordi dei er bundne til oppdraga dei får frå departementet, og verken har eller skal ha kompetanse innafor subsea-teknologi.

Dette fekk dei fire til å stilla spørsmål både ved oppdraga Kystverket hadde fått og kompetansen til sakshandsamarane i departementet.

Stadig fleire heiv seg på

Regionrådet blei også involvert og dei lokale ordførarane let seg begeistra av initiativet.

Dette resulterte i eit brev frå Regionrådet 14. mai i år til statsministeren, Hareide og leiaren av Hordalandsbenken på Stortinget, noko som igjen førte til eit teamsmøte med statssekretæren i samferdselsdepartementet 17. august.

Då begynte snøballen verkeleg å rulla.